Salmer 1993   

 

 

Det lyser i stille grender 

Nr. 120, SALMER  for Jesu Kristi Kirke av Siste Dagers Hellige (1993)

YouTube 1

 

 

Fredfullt 

 

1. Det lyser i stille grender

av tindrande ljos i kveld,

og tusene barnehender

mot himmelen ljosa held.

 

2. Og glade med song dei helsar

sin broder i himmelhall,

som kom og vart heimsens Frelsar

som barn i ein vesal stall.

 

3. Der låg han med høy til pute

og gret på si ringe seng,

men englane song der ute

på Betlehems aude eng.

 

4. Der song dei for første gongen

ved natt over Davids by

den evige himmelsongen

som alltid er ung og ny,

 

5. den songen som atter tonar

med jubel kvar julenatt

om barnet, Guds Son, vår sonar,

som døden for evig batt.

 

 

 

Tekst:     Jacob Sande, 1906-1967.  © 1990 Gyldendal Norsk Forlag

Musikk:  Lars Søraas d.y., 1887-1976 © 1952 Lars Søraas arvinger

Sats:       Egil Hovland, f. 1924 © 1985 Egil Hovland

Brukt med tillatelse

 

 

Lukas 2:6-14

3. Nephi 1:12-14