Det lyser i stille grender Nr. 120, SALMER for Jesu Kristi Kirke av Siste Dagers Hellige (1993) YouTube 1
Fredfullt
1. Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld, og tusene barnehender mot himmelen ljosa held.
2. Og glade med song dei helsar sin broder i himmelhall, som kom og vart heimsens Frelsar som barn i ein vesal stall.
3. Der låg han med høy til pute og gret på si ringe seng, men englane song der ute på Betlehems aude eng.
4. Der song dei for første gongen ved natt over Davids by den evige himmelsongen som alltid er ung og ny,
5. den songen som atter tonar med jubel kvar julenatt om barnet, Guds Son, vår sonar, som døden for evig batt.
Tekst: Jacob Sande, 1906-1967. © 1990 Gyldendal Norsk Forlag Musikk: Lars Søraas d.y., 1887-1976 © 1952 Lars Søraas arvinger Sats: Egil Hovland, f. 1924 © 1985 Egil Hovland Brukt med tillatelse
Lukas 2:6-14 3. Nephi 1:12-14 |